Møre og Romsdal

Møre og Romsdal

Tilbake til menyen for Regionale mesterskap

 

Info om meisterskapen

Laurdag 20. november 2021 blir det regionalt meisterskap i Møre og Romsdal. Forhåpentlegvis kan vi i år gjennomføre eit fysisk arrangement på kulturskolen i Ålesund.

 

Påmeldingsportalen er nå åpen herPåmeldingsfrist: 1. oktober 2021.

 

Les mer om å delta i regionale meisterskap her

 

 

Resultat frå regionalt meisterskap 2020

På grunn av koronapandemien vart haustens regionale meisterskap avvikla digitalt. UMM Møre og Romsdal hadde fem deltakarar i solistklasse 1, ni i solistklasse 2 og to ensemble i klasse A kammermusikk.

 

Fire solodeltakarar og dei to kammermusikkgruppene kvalifiserte seg direkte til den nasjonale meisterskapen: Florian Rademacher Krogsæter (althorn, messingblås kl. 1), Lill Szeeflinski (fiolin, strykere kl. 1), Emil Rademacher Krogsæter (tuba, messingblås kl. 2) og Johannes Tylden (klarinett, treblås kl. 2), Den lille messingfabrikken (klasse A) og Helene og Lydia duo (klasse A). Alle resultata er publisert i app-en Program.no, som kan lastes ned i App Store og Google Play.

 

Kontaktperson

Gro Dalen / Telefon: 70 16 34 82 og 97 56 09 84 / E-post: gro.dalen@alesund.kommune.no 

 

Tilbake